Sist oppdatert: 02.11.2018 06:46

Bok-kveld på biblioteket, Bagn, fredag 9. november kl. 18.00

 

ÅSE ØSTGÅRD HAGEN

Birgit Haugen fortel og viser bilder frå den nye boka si «Mjølkevegen med avstikkere». Boka byr på sykkelglede frå Golsfjellet og Valdres og tar oss med på 15 turar i fjellområder som er unike for sykling. Eit stort nett av fjellveger og stigar gjev mange og varierte opplevingar. Dette er turboka for alle som likar å sykle!

Redaksjonskomiteen for Sør-Aurdal Historielag kjem med eit nytt hefte av «Sagn og Soge i Søndre Ourdahl», det nittande i rekkja. Årets utgåve inneheld litt av kvart frå heile kommunen utan å ha noko spesielt hovudtema. Her finns noko for ein kvar smak, både av segn, gamal historie og noko mindre gamalt.

Eldor Bråthen fylte 80 år i sommar og i dette høve fekk familien hans trykt opp fleire av dikta hans. Diktboka er kalla «Fire linjer» og alle dikta er faktisk på fire linjer. Dikta er skreve både på nynorsk og bokmål og Eldor vil lesa nokre av dikta sine for oss.
Sal av bøkene som er presenterte, kaffiservering og loddsal.

Det blir musikkinnslag ved Torunn Bolstad.