Bekkekjeringa 

slik ei småjente hukser ho: 

Når je ska førtelja om bekkekjeringa, så må je fyst beskrive håss je hukser ho. Heime håss øss va bekkekjeringa ei baus, grovbygd kvinnfølk i 50 – 60 årsalderen. Kraftige, seige armer, kledt i armførkle tå tjukk, striput bomull, med grå anorakk og strige(sekke-)førkle uttapå. Ansiktet va og kraftig, med antydning te ørnenasa. Blågrå, skarpe auger, munn hukser je som ein strek, som ofte sprakk i eit stort smil. På huggu hadde ho støtt skaut. Det va knytt framme i skallen på ein finulig måte, som je måtte bli vaksen før å finne ut framgangsmåten på.  Så sant det fans snø, kom ho akan på ein blåmåla lang kjelke, ingen kunne styre ein kjelke som ho. Og så hadde ho med go’kvae (gultupp) i ein Globoid-ask. Det va snadder før øss onga. 

Den fyste jobben te bekkekjeringa va å røre kaldt blodet frå slaktedyra. Blodet vart samla i ei bytte og sett te avkjøling i snø ell vatn. Det måtte røres i heile tida, så det itte levra se. Detta va ofte eit kaldt og ufysele arbeid. Je kan hukse se syntes det va spennanes å røre med handa i blodet. Det va vart og gøtt te å byne me. 

Ein flat, brei skikjelke med ein lem oppå – tarma måtte itte renne bort i sprinkla på kjelken - vart parkert ve slakteplassen, slik at slakteren berre kunne velte vomma og tarma rett oppå.

Andre brukte ei stor nøle te dette.

Dermed va det bekkekjeringa som overtok. Kjelken drog ho litt bortafør låven, bort i mot ein liten klukkebekk som det støtt va liv i.

Å dele tarma i frå håran, ”rekke tarma”, kunne vara eit møysommele arbeid. Her trengdes ”haldehjølp”, og det va jobben min.

Når dette va gjort, plukka vi tå feiten (tælget) , forsiktig så det itte gjekk høl på tarmen.

Tælget vart det kokt  såpe tå. 

                        OPPSKRIFT PÅ SÅPE

                        5 kg feitt

                        10 l vatn

                        ca. ½ kg kaustisk soda el. lut

Dette vart kokt inn te ein slags graut. Når’n vart kald, kunne overflødig  vatn tømmes  ut og såpa skjeras opp i passe store stykkjyr. Pakkes og lagres på beste måte. 

            LUT laga vi tå øske tå lauvved, helst bjørk, og vatn. Blandinga kokte vi i ei gryte. Vatnet (luten) skulle så helles forsiktig tå, så bøtnfallet itte vart me. 

Tarma vart nå velta ut i snøen, og innhallet måtte ut. Tarma vart så vrengt og trødd i snøen. ”Å trø tarm” va ein fæl jobb. Det måtte gjeras mange gonger. Da va gummistøvler tingen.

Tarma måtte så skyles og rettes, og vrenges att.

Skållinga tok te, og føregjekk omtrent slikk: Ei brei fjøl vart sett ned i ei balje med vatn, stytta mot knea te den som skrapa. (Je satt på ein storvaksen stubbe, med katteskinn på).

Ein sløv bordkniv vart nytta te dette.

Når så tarma va reingjorde, vart dei lagt i eit kjørøl med reint, kalt vatn i 2-3 døgn. Vatnet måtte bytes fleire gonger. Litt salt i siste vatnet. 

Ja, da va tarma klare te å fylles med innhald: Kokepølse i ringtarmen (tunntarmen), spikjipølse i tjukktarmen. Tå endepytten vart det veggeglåm!  Veggeglåmen va ein liten spikjipølsestubb tå slutten tå pølsedeigen som vart hengt inne på veggen te ”hurtigspeking” og smaksprøve.  Vom tå småfe kunne ein sy samen te å ha spikjipølse i.  Tarm som vart te overs, bles vi luft i, og knytte tenil på og hengte opp te seinere bruk. Da måtte’n bløytes opp. 

Spikjipølsen vart hengt på stabburet . Når gauken gol, var dei ferdige. ”Gaukedagen” va 12. mai.

Fyste pølsesmaken var gjenne på nistematen 17. mai. Da satt alle på Bautahaugen og åt nista si! 

Ei lita historie:

Ei småjente og bestemor hennes trødde tarm bakom låven. Plutsele utbryt jenta: ”Dette må vi itte si te ho veslesyster, for ho kunne finne på å førtelja det på bygda. Og tenk om om følk fekk veta hå du hadde pølsa di i, bestemor!”

 

Ei barneregle te slutt:           

                    Kristian Kakk

Han Kristian Kakk skulle ut og gå,

            og så hadde’n inga bokse på.

Så tok mor hass ein rannute stakk

og sydde bokse åt’n Kristian Kakk.

Han Kristian likte itte boksa si

med slike striper og renner i.

Da tok mor hass ei pølseskinn

og sydde bokse åt guten sin.

Han Kristian beina i boksa stakk,

og heile pølseskinnet sprakk.

Mor hass hadde itte råd te fleir,

og Kristian fekk inga bokse meir.    


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |