Sist oppdatert: 28.02.2010 09:27

Vinterminner

KJELLAUG KJENSRUD
  Han far var temmerhøggar og hadde arbeidet sitt i Gråbeinrud. Det var heimseter/haustseter til Øyhus.


Måleri

Bua der var berre eitt rom. Ingen gang, så døra gjekk rett ut. Vanlegvis gjekk han dit måndag morgon, og kom att fredag kveld. Då hadde han ei flis i brystlomma på busserullen sin, som var fullskrevin med tal. Desse førde han sirleg inn i sjuende sansen sin, når han hadde kvilt etter ein solid meddag. Eg var så høgt betrudd at eg fekk lesa opp tala medan han ”førde inn”.

Ein vår, trur det kunne vøre i -54, sa han at bror min og eg skulle få vara med dit ein dag. Vi skulle overnatte, og få oppleva ørreleik på nært hold. Det tok cirka ein time å gå dit, men bror min var berre 6 år, så vegen vart mykje lenger. Nista i rupesekken inneheld brød, smør og pålegg. Og ikkje minst, kokesjokoladen med storken på. Far bar, og i handa hadde han eit treliterspann med nysilt mjølk. Hugsa gøtt at det vart mange stopp undervegs. Vi drakk rett av spannet, så det var nok betrakteleg lettare då vi ankom målet.

Den fyrste jobben var å vaske golvet. Far spadde inn snø, og vi trøka og trødde snøen gøtt utover. Han skifta fort farge, og vart så møka ut att. Etter ein to-tre runder var golvet reint. Då kunne det nørast opp i omnen, og nista pakkast ut. Sengekleda i den eine senga som fanst der, bar vi ut, rista godt i snøen og hengde på stolar inne til verming.


Frå heimen ved snekkarbua til far

Om natta vakna eg av ein spesiell lyd. Trudde fyrst det var han far som snarka, han var kjend for det. Men etter ei stund skjønte eg at det var ute lyden kom i frå. Eg var 11 år, stor jente og skulle slettes ikkje vara redd. Men eg kviska til han far og spurde kva detta var. ”Rupesekk”, svara han. Ja vel, så sov han da, tenkte eg og trudde han prata i svevn.

Om morgonen måtte vi tidleg opp. Alt klokka fem, for vi måtte passe skarin. Drog på oss ulladdar uttapå skoa, for ikkje å laga lyd. Tok med oss ulltepper og rusla oppover lia. Eg prøvde meg att med spørsmål om det eg hadde hørt om natta. Då kunne han fortelja at det var rupestegg eg hadde hørt. Det let omtrent slik: ”krrrreo – krrrreo”.

Komne fram til leiken, hadde han far vøre der eftan før og laga barseng. Ullteppe oppå denne og eitt over oss, og det vart det lunt og godt. Vi måtte ikkje prate eller lea på oss, for vi låg spente som ståfjører. Kan ikkje minnast kor lenge vi venta, men plutseleg slo det seg ned fire, fem ørrhanar like ved oss. Dei gjekk litt rundt, brusa og briska seg og gjorde seg krye før dei sette i gang med spelet. Vi stirde med store augo på eventyret som utspant seg utpå myre. Berre dei som har opplevd leik sjøle, kan skjøne korleis dette var. For oss, som hørde og såg det for fyrste gong, var det eksotisk og storslagent.