Sist oppdatert: 28.04.2010 21:14

Ta turen til Skjærgårds music- og mission festival!

HELGE HAFSÅS
 

Ungdomsarbeidar Helge Hafsås inviterer alle som er fylt 13 år til å vere med til det blide Sørland og Music og mission festival i sommar. Tidspunktet er 6.-11. juli, og prisen er kr 2500,-.

Medlemmar av HUK får kr 500 i avslag. Prisen inkluderer reise, mat, overnatting i lavvo og fri tilgang til konsertar og arrangement. Nokre få seminar, som til dømes dans, kostar litt ekstra.

2500 kan verke mykje, men då har vi med leiarar, stiller med buss, ordnar all mat og har med to lavvoar; ein for gutar og ein for jenter. I tilegg er det også inkludert festivalpass med tilgang til arrangement.

Dette er ein ungdomsfestival som eg absolutt anbefalar, og det er ei glimrande moglegheit til å bli kjend med nye ungdommar. Meir informasjon og påmelding til kyrkjekontoret: 61 34 90 15 eller til Helge, mobil: 99 10 85 96.Kom igjen sør- aurdøls ungdom - Bli med- dette blir kult!

  • Les meir her.