| |
Gode
nordmenn, hedøler, innfløttera og gjester! Gratulerer med dagen,
nasjonaldagen vår, grunnlovsdagen! Me feirar i år at grunnlova er 194 år.
Lova som vart så framtidsretta og god at me enno held henne høgt i ære!
Vi vil oss et land som er frelst og fritt og ikke sin frihet må borge.
Vi vil oss et land som er mitt og ditt. Og dette vårt land heter NORGE. Slik
forma Per Sivle det.
GRATULERER MED Å EIGE EIT SÅ FINT OG GODT LAND!
Til lykke med å ha fred og demokrati, menneskerettar og trykkefridom!
Til lykke med velstand og rikdom ,i olja, som teknologi og dyktige ingeniøra
har brakt fram i dagen!
Norge er eit av dei beste landa å bu i, og her bur du og eg!! Født her eller
havna her. Her høyrer eg te, har rettigheiter, pass, gode levekår og
helsehjelp når det trengs. Er me ikkje heldige?
Å, så mykje å feire! Å, så mykje å takke for! Ja, me har all grunn til å
vise glede 17. mai!
Ein heil dag kvart år brukar me til feiring. 17. mai er barnas dag! Feiringa
er våryr glede med barnetog og rik anledning til å synge dei fine
nasjonalsongane me har.
Den som fekk i gang det fyrste offisielle barnetoget var Bjørnstjerne
Bjørnson i1870. Jentene fekk lov til å delta 19 år seinare i 1889. Gutane
bar flagg, jentene gikk med blomsterbukettar i starten.
Feiring av grunnlova hadde foregått sidan 1815, men i privat regi, blant dei
kondisjonerte. Ein dansk kjøpmann i Trondheim, Mattias Conrad Peterson, skal
vera pådrivaren. Han gikk inn for ”en aarlig fest for tilvoxende Ungdom”. Så
i 1826 dro tusenvis til Ilevollen i Trondheim. Der foregikk den fyrste
folkelige og offentlige 17.maifesten. Der gjekk dei i tog og song ”de
nationale Sange, ledsaget av Hurraraab”.
I 1824 vart 10 års dagen for Grunnlova markert i Cristiania. Svenskekongen,
Karl Johan, tok det som ein provokasjon mot Sverige, og han laga vedtak om
forbod av 17.maifeiring. Karl Johan døydde i 1844,og etter det kunne dagen
feirast fritt.
17.mai vart innstifta som nasjonaldag i 1836. Det var fyrste gongen
Stortinget feira dagen.
I 1833 hadde Henrik Wergeland halde den fyrste offisielle 17.maitalen ved
Krohgstøtta i Cristiania. Han vart ein helt etter det og fekk æra for å ha
”innstifta da’n.”
I år er det 200 år sidan grunnlovsentusiasten og 17. mai-patrioten Henrik
Wergeland vart født. Det er han som har laga Småguttenes nasjonalsang:
Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange.
Et fedreland vi frydes ved, og vi , vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser hvor godt og vakkert Norge er;
Vår tunge kan en sang blant fler av Norges æressange.
Mer grønt er gresset ingensteds, mer fullt av blomster vevet
Enn i det land hvor jeg tilfreds hos far og mor har levet.
Jeg vil det elske til min død, ei bytte det hvor jeg er født,
om man et paradis meg bød av palmer oversvevet.
Enkelte vil kritisere og si at dette grensar til nasjonalisme med sjølskryt
og sjåvinisme. Men her ser ein då korkje militærparade, våpen eller anna
militært utstyr.
--Berre ungar og vaksne kledd i sin finaste stas og med flagget i handa.
Tidlegare i dag var vi samla i kyrkja for å takke Gud for at Han har stått
attåt og velsigna land og folk opp gjennom tidene.
Margrethe Munthe (1860- 1931)Ho ha skildra stemninga i si tid med 17.mai for
de små:
17.mai er jeg så glad i, moro jeg har fra morgen til kveld.
Da er det så du, om vi er små du, er vi med likevel.
Jeg roper hurra dagen så lang, synger for Norge mangen en sang.
Og jeg, jeg kan du, elske mitt land du. Det skal du se en gang.
So lenge eg gjekk på skula, var 17. mai den gjevaste dagen i året, den
overgjekk både joleftan og gebursdag. Men så var den fyrste feiringa mi i
45, fredsvåren. Då hadde flagga vore bortgøymde i fem år, og all feiring var
strengt forbode. Den jubel og begeistring som losna med freden var heilt
enorm. Flaggtog med unge og gamle, gjekk bortom DIESERUD og nordom
Gamleheimen. Rektor Trøen steig opp på stabburstrammen, takka dei gamle med
varme ord for innsatsen og alt slit dei hadde nedlagt. Han svinga med
studentlua :3x3 hurra. Hipp-hipp Hurra, hurra hurra!
Det ein har opplevd, pregar ein for resten tå livet. Eg kan enno kjenne
klumpen i halsen, tåro i augekroken og klem for bringa når flagget blir
heist, og når Ja, vi elsker blir spelt og sunge. Eller når eg kjem heim
etter utanlandstur, og norskekysten dukkar opp i synsranda: ”Furet, værbitt
over vannet, med de tusen hjem.” Vakkert og variert er det, med fjordar og
fjell, vatn, bre og vidder, djupe skogar og dyrka mark innimellom.
Per Sivle har skrive dikt om: Vårt flagg.
Me heiser vårt flagg –for me er eit folk og eig oss vårt eige tun,
Der merket skal standa bolk etter bolk og lysa frå brun til brun.
Me elskar vårt flagg, der det stend på vakt og vinkar oss opp og fram.
Og aldri det skal med grunn verta sagt at me er vårt flagg til skam.
Og stongi me plantar ved hjarterot, og flagget skal vera ljos for vår fot,
der Noreg det gjeng ifrå herjeherk til lukke og heidersverk.
Me heiser vårt flagg, for me er eit folk og hev som eit folk eit krav.
Og kjem det imellom ein brytningsbolk, så rid me den bolken av.
Og Han som gjev oss ljos og unner oss dag, Han vare vårt land, og Han vigsle
vårt flagg!
Gjev sol, du Gud Fader, til folk og land og kveik oss ein heilhugsbrand.
Me står i ein tradisjon , med blikk bakover i historia , og med draum og
tanke inn i framtida. ”Å vera historielaus” er farleg og er ei negativ
nevning. Historia er med på å gje oss identitet. Notida er vidareføring av
fortida, ofte eit resultat av noko som har hendt. Historia- Sagaen er viktig
for å forstå den tida me lever i, og den ”senker drømme på vår jord.”
Far og mor og forfedrane før dei, har bygd landet, slete seg ut i kamp for
føda, kjempa i krig, ja, mange ofra jamvel livet. Dei la grunn for fred og
velstand som ingen kunne drøyme om. Difor pliktar me som foreldre og
besteforeldre å formidle kunnskap om slekt og tradisjon. Skula har sine
historietimar når den tida kjem.
Som Bjørnson skreiv i ein annan song.:” Hun tok oss på fanget den gang vi
var små og gav oss sin saga med billeder på. Vi leste så øyet ble stort og
vått. Da smilte den gamle og nikket blott.”
Gamletida kan me også lære mykje om på Bautahaugen samlingar og andre muse.
Her ligg det ein arv som me pliktar å ta vare på for komande slekter. Mykje
arbeid er nedlagt der allereide, og me oppfordrast til å vere med ” å halda
den arven i stand.”
Ivar Aasen minner oss om dette:
Lat oss ikkje forfedrane gløyma under alt som me venda og snu.
For dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru.
Lat det merkast i meir enn i ordi at me halda den arven i stand.
At når fedrane sjå at på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land!
Her i bygda har me hatt bekransning av bautaene for å minnast våre krigsmenn
og heltar.
Ingen stad er kyrkjegarden og gravene så fint stelt som i Hedalen. Der går
mange smågartnerar og minnest sine.
Nasjonalsangen startar med ei kjærleikserklæring: ”Ja, vi elsker dette
landet”, syng vi den 17. Stemninga er stor. Hjartet svulmar,og vi tek rektig
krafig i når vi kjem til siste verset som sluttar med ei utfordring- eit
nestenløfte: ”også vi når det blir krevet”,.
Elsker er av dei store orda, og løfter forpliktar. -Held dei vatn den 18?
Eller glir dei med fleskefeittet nedi halsen?
Eg har sunge orda, dvelt ved dei, og vøre så hjartans einig med diktaren.
Lenge kunne eg utsetja oppfordringa til eg vart vaksen. ,-hvis det vart
ufredsår.- Slik at det gjaldt utkalling til militærteneste, mobilisering,
kamp eller valg av rett side i konflikt for fridom og rettferd. Men når vart
det min tur då?
Eg er omsider komen til at
Elske mitt land = ei fredsvernande haldning og gjeld så lenge eg lever:
Gjæra si plikt, bygge landet, betre levekåra og miljøet, laga trivsel rundt
seg og hjelpe til med å gjera Norge til ein triveleg stad å bu. Vera eit
redeleg menneske som gjer rett og skil for seg.
Eller slik Bjørnson si det:
Jeg vil verge mit land, jeg vil bygge mitt land.
Jeg vil elske det frem i min bønn i mitt barn.
Jeg vil øke dets gavn , jeg vil søke dets savn
i fra grensen og ut til de drivende garn.
Her er sommersol nok, her er sædejord nok,
bare vi, bare vi hadde kjærlighet nok!
Her er diktende trang gjennom arbeidets gang
Til å løfte vårt land; blott vi løfter i flokk!
Byggje landet, ja.
Det er prisverdig å etablera sin eigen arbeidsplass, og endå betre å utvida,
slik at det blir arbeid åt fleire. I Hedalen er det no mange slike gryndarar.
Ei fjør i hatten til dei alle!
Ei fjør i hatten til bonden som held jorda si i hevd, dyrkar nytt, som
moderniserar, byggjer og vøler husa, held seg oppdatert med nye måtar å
drive på, og som overleverer garden i betre stand enn då han overtok! Heldig
er han om han då har fått barn som vil overta!
Så finst det dei som held ut og trassar alder og sjukdom. Standhaftig og
trufast held dei fast på tradisjonar. Slikt står det respekt av.
Også ”de tusen hjem” er oppgradert. Reiser me rundt, ser ein kor fint og
velstelt det er jamt over. Fine hus. Ryddig omkring. Treplanting og
blomeprakt i hagen. Flaggstanga på heidersplassen. Velstanden er synleg
utvendig og!
Ja, det er heimane som byggjer landet. Ungane er jo framtida! Den
viktigaste oppgåva har du som mor og far i fostring av den nye slekta. Her
blir grunnen lagt for haldningar, menneskesyn og innstilling til arbeid og
ansvar. Så kjem skulen med meir fagkunnskap,
Vår største oppgåve er å leggje til rette for ein trygg barndom og gje barn
kjensla av å være mykje verdt, ja høgt elska! Dei treng mykje kjærleik, ein
god skule og hjelp til ein god start i livet med yrkesopplæring og arbeid.
Vi veit at mange heimar får problem. Tidsklemma slit på foreldra, og krava
er store. Dei gjer så godt dei kan, men det er kjærkome med assistanse medan
ungane er små.. Det har mange besteforeldre oppdaga. Oppsedingsjobben er
ikkje slutt med eige kull. Hugs at den tida du brukar på barn, er
investering for framtida!
Her vil eg skyte inn ein ekstra takk til mi mor og alle mødre. Dei har så
visst vore med og kjempa for fedrelandet. Dei har hatt det største ansvaret
for heimen, sytt for mat og klede og halde styr på ungeflokken. Vakt,
trøysta, formana, oppmuntra, gjett kjærleik og gjort sitt aller beste. ”Jeg
vil elske det frem i min bønn i mitt barn.,” det kan passe på mors innsats
for fedrelandet.
Framtida byr oss på mange utfordringar: Me skal overlevere landet til barn
og unge av i dag. Får dei rein luft å puste i? Finn dei reint vatn? Slit dei
med astma, allergiar og dårleg helse grunna forureining? Får dei tak i rein
mat som det ikkje er brukt sprøytemidlar på?
Og kva med energikrisa?
Ja, men dette kan då ikkje me gjera noko med ? Ein dråpe i havet har då inga
virkning!
Ikkje det? Har du hørt det latinske ordtaket :Det er dråpen som uthuler
stenen?
Me er dei små dråpane, saman kan me dryppe til det blir ei betring i alle
fall.
Eg er veldig nøgd med at renovasjonen er sett i system i vårt distrikt. VKR
hentar søppela vår, avfall og skrot. Me blir utfordra til å sortere
avfallet, rydde til gjenbruk, og brette kartonger til resirkulering. Dette
er oppgåver for store og små. I min hushaldning har restavfallet minka
veldig etter at all plast blir sortert ut i eigen sekk. Vekk med plasten,
han forvitrar ikkje!
Å vera miljøbevisst er dagens trend! og energisparing! Om all sløkte lyset i
tome rom og senka temperaturen om natta, ville det merkast på målaren og
kanskje på strømregninga med. Og dette er berre dråpesparing!
Å vera nøysom og sparsommeleg var i gamle dagar eit mål å trakte etter. Det
stod jamvel i speidarlova . Etter mi meining lever me i dag eit samfunn
prega av overflod og skamlaust sløseri. Kjøp- og kastmentalitet rår. Tenk å
kaste mat og hive fullt brukbare ting! ville foreldra våre sagt. Stakkars
ungdom som lærer slike vanar! Korleis skal pengane deira rekke til? Me har
styrt i grøfta på ein måte. Er som nyrike som ikkje har tålt velstandsauken.
Nyttar det å mane til moderat forbruk for framtidas skuld, for jordas skuld?
Gjenbruksbutikkar ser ut til å spre om seg. Klart det er behov for dei.
Flott tiltak!
Hald Norge REINT!
Kvar vår har vi Ruskenaksjon og rydding etter vegane til 17,mai.. Om ei
stund finn ein flasker, boksar ,plast og papir der det ikkje skal vera att.
På Singapore får ein bot for slikt.
Det er ”in” å utpeike miljøgater/miljøbygder i inn- og utland. Det blir sett
ut ekstra søppelkasser, planta inn blomar og tre til utsmykking og trivsel.
Ein ser det er pent og ryddig og vil gjerne ha det slik. Skal me foreslå
miljøgate i Hedalen , frå Dokka til Kjørkja i fyrste omgang? Bygdeutvalget
avgjer.
MILJØbegrepet bør utvidast til TRIVSEL OG VELVÆRE FOR ALLE SOM BUR HER.
Me vil ha eit inkluderande samfunn som er bygd på prinsippet om likeverd for
alle. Kardemommebyloven er enkel og fullt brukbar: ”Man skal ikke plage
andre. Man skal være grei og snill. Og forøvrig kan man gjøre hva man vil.”
Eg trur det er avgjerande for ei trygg framtid at våre nye landsmenn blir
integrert mest mulig i samfunnet. Dei må trekkjast inn i ein større
samanheng. Me må innsjå at dei er komne for å bli. 2.- og 3.generasjons
innvandrarar vil heite nordmenn og ynskjer å vera det. Hvis dei trivst, får
arbeid og blir likestilt, blir dei gode nordmenn. Slik kan me kanskje leve
fredeleg saman.
LØFTE VÅRT LAND-- BLOTT VI LØFTER I FLOKK, skreiv Bjørnson
Å ja, det er det som i Hedalen blir kalla dugnad det. Frivillig arbeid utan
tanke på anna vinning enn auka trivsel for lokalsamfunnet. Denne bygda har
heldigvis att mykje av denne gløden dei kallar dugnadsånden. Andre bygder
misunner oss faktisk. Du har vel hørt sukket: Alt de får te i Hedalen!
Internettavisa, Hedalen. no, er vel eit slikt tiltak. Rart å tenkje på at
vener i Amerika kan lesa om det som skjer i bygda vår! Sida har varta opp
med fleire gode skribentar og fotografar. No kan ein halde seg informert og
føle på bygdepulsen med eit tastetrykk eller to. Takk til alle bidragsytera
og ein sers dyktig redaktør!
Siste vinning, av det dei får te i Hedalen, er skiløypene på Myra og på
fjellet. Den som har opplevd oppkjørte løyper etter alle snøfall i vinter,
må berre bøye seg djupt og takke. De har gjort bygda til ein betre stad å
overvintre i! Ein treng ikkje krype i hi alle 7 månadene. Eg sender ein god
tanke til alle som har jobba for dette tiltaket kvar gong eg nyt ein skitur
i dei fine løypene. Takk skal de ha! Kjørarane bør få betaling, ellers går
dei vel lei. Håpar de finn ei løysing på det og.
Det finst så mange lag og foreiningar med ulike tilbod til barn, unge og
eldre i Hedalen. Tilbodet omfattar idrett og helse, sang, musikk og teater,
skole, kultur, kirke og misjon, husflid, politikk, bygdeutvalg og utvikling.
Dei skapar nettverk der ein får vener, opplæring og positive tilbod på
fritida . Dette skapar so absolutt eit betre miljø for bygda.
Leidarar og styre legg ned frivillig arbeid i årevis. Dei løfter i flokk
får ein si!
Kan du tenkje deg Hedalen utan lag og foreningar?? Også vi når det blir
krevet!
17.maikomiteen det eine året vel komite for neste år. Den har mange oppgåver
og får mykje å gjera. Nokon passar det aldri for, dei uteblir. Andre tek
ansvar og går på med liv og lyst. Ekstra hyggeleg er det å sjå at ungdommen
finn sin plass i rekkene - dei har teke utfordringa: -også vi når det blir
krevet!
Så vil eg nevne nokre som stiller opp kvart einaste år og har ein veldig
travel dag 17.mai-- og så har dei hatt mange treningsøkter i forkant.
Musikkorpset! Eit er sikkert : Dagen vart ikkje den same utan denne dyktige
flokken. Takk, Arild, til deg og flokken din for innsatsen! Takk også til
Kjell Ivar med sangkoret! Lat det vera sagt: Me er so heldige som er
sjølforsynt med song og musikk! Aktive Hedalstalenter let seg stadig
utfordre. Dei boblar over med friske innfall og nye sprell- i kveld! Takk
for at de spreider glede og humør der de vankar!
Det er 3 måtar å tilnærme seg 17.mai på: Den aktive (du er med på programmet
eller arbeider for fullt i komiteen ), den passive (du ser på andre ) og den
likegyldig (du gjer blaffen og uteblir). Eg har prøvd alle tre, og kan
absolutt bekrefte at den aktive tilnærmingsmåten er best, både for hygga,
samvitet, kjenslene og etterverknaden. Til kvelds skal ein vera så sliten at
skoa må av, og beina må opp i infanteriststilling. Ein er god og mett av
pølser, lompe, brus, kaker og is. Er du dessutan både hås og trøytt, er det
gode tegn på engasjement, mykje song og ivrige hurrarop. Ha ein fortsatt
hyggeleg og aktiv 17.mai!!
Ha i minne: ”også vi når det blir krevet!”
|