Sist oppdatert: 12.03.2007 20:01

Hedalsvise av Edvard Elsrud

  Der Ringerike slutter og Valdres nyst har bynt.
Det ligg ei lita bygd med no'n kvite fjell te pynt
Som ruger høgt mot vest.
Den bygda heiter Hedal'n, der trivs je aller best.

I sør der daler møtes er Vassfar-elva stor.
Ho kjem frå djupe skoger - der bjønn og hulder bor.
Og nord frå fjellets port,
syng Fossbrøtt-elva godslig, slekk som ho støtt har gjort.

Den bygda ho er gammal, med sagn frå svunnen tid,
Om bjønn som under alteret i kjørka hadde hi.
Om svartedauens pest,
da bamsen sjøl var menighet og organist og prest.

Og bonden braut opp jorda i Hedal'ns bratte hell,
Men retta oppatt ryggen i seine såmmårskveld.
Han såg det grodde godt
rundt værslitt tømmer-stuggu - hans eige, vesle slott.

Det rauta oppi fjella, og bjøller let i li,
der seterjenten lokka mot kveld ved Olsok-tid.
Dom ysta ost og prim,
te hausten farva Busufjell, og vølla låg med rim.

I vinterkvite skoger, langs myr og dalen trong,
frå sleamei det suste, frå øksehøgg det sång.
Om stokken han var tong,
så gav han og litt tyngde i helvtom peing-pong.

Nå nærmer vi oss slutten, men ennå var det meir:
om brøtningsliv i elvesus, mens fugger'n bygde reir.
Og dunkel Jonsok-natt,
da Bogfjells-breer skinte - lik bortgjømt Vidals-skatt.

Te fjerne land og byer drog mang ein hedøl ut,
men lengta dit dom leikte som jente og som gut,
te Fledda og te snø'n,
te Bautahaug og setertrø, og fiskevak i Strø'n.

Ja, det var Hedals-visa, nå er det slutt på ho.
Men bygda lever videre, de unge setter bo.
Je si som følk gjør flest:
det fins så mange steller, men Hedal'n er nå best!