t



Publisert:  16.05.05

 

 

17de mai tale 1945

HANS NORDBY

Sambygdinger! Norske kvinner og menn!

”I Noregs vinter rann ein vår, og sol reiv mørker sunder. Det var ein maimorgon klår og fager som eit under. Da rann vår fridoms sol, vår gamle kongestol vart reist i Norge ny, og opp frå bygd og by steig lovsong over landet!”

Hans Nordby på talerstolen i 1945

Slik syng dikteren, og det passer nå, 8de mai gjekk det ei bølge av jubel over landet vårt, vi var fri etter 5 års kuing og herjing. Fyrst var det vanskeleg å fatte at det var sant. Og likevel var det virkeligheit. Det var som eit under at vår fridoms sol var runnen på ny. –

Vi hadde til det siste frykta for at det verste stod att – ein invasjon med dei grufulle følger det ville få for å drive fienden ut av landet. Så vart vi spara for det, og attpå til med mindre spill av menneskeliv enn noko av dei andre hærsette landa fekk vi nordmenn atter rådvelde over landet vårt.

Vi kjenner oss visse om at Gud stod attåt og at han styrde dette slik for oss. Det vart sanna det ord at ”Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.” Difor steig det opp til den allmektige Gud takk og lov for at han styrde det slik for oss. Vi vart fri!

Når vi tenker attende på dei 5 tunge åra vi har gjennomlevd, så veit vi at det har vore ein strifull kamp som har vore førd både av våre rette styresmakter utanfor landet og nordmenner der og av folket heime – heimefronten. Det har vore ein kamp med livet som innsats så vel heime som ute.

Det fins kanskje dei som inte heilt har forstått hå denne krigen gjaldt for oss. Vi hadde levd i fridom i over 100 år og tok det gjerne som ein selvfølge dette med friheit og alle andre menneskjerettigheiter som vi set pris på og gjer livet verdt å leva. Det gjaldt å hytte sitt eige skinn, trygge seg sjølv.

Det er det tristeste i denne kampen, og det såre, at dikterens ord som før i historia sanner seg også nå, at ”stødt det nordmenn lyt vera med når Noregs merke skal hoggast ned”.

Men slikt er ting som vi helst vil glømme. Vi vil heller feste våre tanker ved dei som heilhuga har gått inn for landets frigjering. Dei som frå fyrste stund utan kompromiss har gjort sin innsats, koste kva det koste vil. Dei som utan pruting, utan å telle på knappa, med den rette offerglød og det rette fedrelandssinn har stande fast mot bødlene tross fengsel og tortur. Dei som stod der rake på sin post og inte let seg kue.

Hedøler på Bautahaugen:  Ole Dokkehaug, Guttorm Bakke, Anders Lie, Hans Nordby og Arne H. Grøv

Dei såg at det var vegen ein måtte gå om seieren skulle bli vår. Ingen annan veg var farbar for ein ærleg nordmann, sjølv om det skulle gjelde både liv og velferd. Det var inga valg. Dei har stande trutt og er vorte eit lysande føredøme på offerhug og ekte fedrelandssinn.

Nå får vi lite om senn greie på hå den og den har gjort. I frå dei som har gått føre i kampen, som i årevis har sete i fengsel, i fangeleirer her heime og i fangeleirer i Tyskland. Dei som med fare for livet har utført meldingsteneste for å halde folket oppe i trua og håp. – Og så skogskara våre, heimefrontsoldata som frivillig har meldt seg og mange i fleire år har sliti hardt, jaga av fienden, lidt savn, men halde ut. Det som har halde dei oppe er det same som har halde oss alle oppe: Trua på seier til slutt, motet og håpet om at vår rettferdige sak skulle finne fram til slutt.

Dei dagane som nå har gått sidan seiersbudskapet lydde ut over landet vårt, sidan kjørkeklukkene bar bud frå landsende til landsende om friheit og fred, har liten og stor, gamal og ung, gått i ein stadig seiersrus. Denne jubel når høgdepunktet i dag, 17de mai, vår gamle nasjonale friheitsdag.

Vi samles i dag for å gi uttrykk for vår glea, vår takknemligheit for at vi atter er frie kvinner og menn i eit fritt land. Vi puster ut og går inte lenger med angst og otte for Gestapo. Behøver inte stela oss til å høre radio. Vi kan atter tala fritt. Vi har atter styresmakter som kjenner det som si plikt og største oppgave å beskytte folket mot urett og vold. Ingen terror lenger, ingen vilkårlegheit. Ingen kan ta seg til rette.

Vi nyt atter dei rettigheiter som vi som opplyste kristne kulturfolk har krav på. Rottenikkenmentaliteten er som blesen bort.Det norske folk står samla som aldri før i vår historie – enige og tro. Det er igjennom 5 års hard prøve vi har nådd så langt at vi har lært det. Og denne einigheit som har vore vår styrke i desse 5 år. Enige og tro har dei kjempende nordmenn på hav og land der ute i elsk til landet, brakt dei største offer. Enige og tro har heimefronten kjempa – også med livet som innsats. Alle har hatt det eine mål: Norge fritt for nordmenn, og målet er nådd. Difor jubler vi i dag og er glade.


Enige og tro var våre fedres valgspråk. Dei hadde opplevd fruktene av enigheit og samhold. Seinere generasjoner og vår har inte visst å verdsette dette. Difor gjekk det som det gjorde. Vi måtte atter gjennom harde prøvelser lære å skjøne hå verdifulle goder enighet og samhald er, ja at det er grunnbetingelsen for eit folks eksistens og lykke.

I vår gleda over seieren høver det for oss at vi inte glømmer alle dei som i kampen har set livet til. Det er nok fleire tusen til saman av dei som fall i 1940, sjøfolk, flygerer og av heimefronten, av dei som satt i fengsel og fangeleirer og på andre måter. Vi minnes dei alle i ærbødigheit og med takk. Deres minne skal leva myljom oss dei skal vera eit føredøme for oss og etterslekta på ekte fedrelandssind, mot og offerhug.

Dei kom inte alle heimatt til sine, og i dei heimane er sorg og sår sakna. Men dei skal veta at dei har alle gode nordmenns medkjensle og at deres død inte har vore forgjeves.

Så står vi her denne 17de maidagen med gleda i våre hjerter over friheita som er vunne. Vi har igjennom desse år lært å setta pris på den som vi skal. Vi har fått att landet vårt. Det ligg her fritt, men hardt hædt og herja. Her har i 5 år inga venehand sysla. Det ventar på at Norges søner og døtrer skal ta hand om det. Mor Norge kjem med sitt krav til oss i dag. Den nyvundne friheit forplikter.

Vi skal verje vårt land. Vi skal bygge vårt land. Vi skal elske det fram i vår bøn i vårt barn. Til det fyrste av desse krava som dikteren nevner, dekker det visst vår tanke i denne stund dette vers. Å gjev det aldri må verta sagt, at landet ligg utan vardevakt. Og logar ikkje varden frå tind og nut, han logar i hjarta hjå Noregs gut. Ja brenn du varde du signade klåre, bjartare høgre for kvart eit året. Det er denne brann hjå norske gutar som i desse dagane har lyst over Norges land frå nord til sør. Alle dei kjekke staute gutane som har myldra fram frå gjømslene sine ferdige til å ta sin tørn som vardevakt ved frigjeringa.

Inte minst har brannen brønne i vinternatta over Vikeråsen, Vidalen og Vassfaret og Buvasfaret. Innsatsen er gjort på ein slik måte at det har lyst også ut over Norges grenser. Slike føredøme må spå godt for dei slekter som kjem etter.

Med det nyvundne Norge begynner ein ny arbeidsdag. Og vi har lært det nå at saman skal vi stå og lyfte i flokk. Saman har vi nådd målet å få att friheita. Saman skal vi stå i den nye arbeidsdag og bygge opp att landet, vakrere og betre enn før. I rettferd og fordragelegheit skal vi bli eit lykkeligere folk enn før. Det er målet nå. Hva du evner kast av i de nærmeste krav. Og det er rimelig at vi hedøler samler oss fyrst og fremst i tanken om vår eige bygd.

Her er sommersol nok, her er sædejord nok. Oppgavene ligg og venter. Så mange muligheiter som er unytta. Frå naturens side er vi rikt tilgodesett i fjella våre, fiskevatna våre, fossa våre – for å nevne nokon ting. Og vi veit, vi har forsømt dette. Vi har inte lyfta i flokk. Vi har ofte skygga for oss sjølve ved smålig kjeggel og splid og inte sett at det som er til sams bate kan i full mon bli til bate for den enkelte. Difor må alle gode krefter samle seg i å ta sams tak til beste for alle i positivt byggande arbeid.

Det er så lettvint med negativ kritikk, men det tyner oppdrifta og pågangsmotet som må til for å gjera gagns arbeid. I von om at det beste i folket vårt skal få utfolde seg i den nye arbeidsdag vonar vi på ei lykkelig tid i fred og fordrageligheit.

Men vil Gud ikkje vera bygningsmann vi fåfengt på huset byggja. Vi trur og veit for visst at han vil vera med. Han som var med i farens stund da det kneip som mest, men som det stille lempet så vi vant vår rett. Han vil også vera med i fredens dagar, berre vi elsker landet fram i vår bønn i vårt barn.
Kanskje vi her står ved løyndomen til livslykka. Det er kjærligheten. Den er solglansen over livet og gir det innhald og meining. Ein kan vera så dugande ein vil. Livet blir kaldt og tomt utan den. Det er den sjølglømmande kjærleiken, den som inte søker sitt eige, som vi inte kan få utan å vera gripen av mesteren sjølv og som vi har symbolet på i vårt korsmerkte flagg. Det skal mane oss til å søke hen til han så vi får kraft og styrke til å vilja følge det beste i oss og elske det fram i vår bønn i vårt barn.

Men vi har så lett for å lata vera å taka kampen opp på denne inderste av den indre front – i oss sjølve. Difor får fienden så ofte høve til å herje der inne i hjertet og legge livet øyde for oss. Nå må det bli ein like stor seier på den inderste front, seier over vondskapen i alle slags ytringsformer. Lat den enkelte og dei kristne organisasjonane gå i brodden og følge parolen om å bevare åndens enhet i fredens land. Samhald og fordrageligheit. Ei framferd i helg som kvardag som ingen behøver skamme seg ved. Lat oss vyrdsle og stelle vel med det vi har saman – med våre forsamlingshus og bedehus. Lat oss vise respekt og sjølvaktelse i vår ferd.

Og i dag på vår nasjonale friheitsdag må vi feire dagen på ein sømmelig måte. Lat oss vise oss verdige til å ta i mot frihetens dyre gave som betyr frihet med ansvar. Ansvar for oss sjølve i våre handlingar og i vår åtferd. Respekt for andre og det som hører andre til. Lat oss følge det enkle bud: Det som du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera mot andre, og den som vil vera stor er den som tjener andre.

Blir folket slik, så har krigen inte vore til fånyttes, og vi er inte berre vorte signa med ytre fred og friheit, men har vunne ein indre fred som gir løfte om ei god og lykkelig tid for landet.

Det er vår i Norge. Det er grotid over landet. Det gror og blomstrer i naturen. Flagga blakrer vårt vakre symbol omkransa av nyutsprunge lauv og grønne marker. Det er også ei åndeleg grotid. Her står barna og ungdomen i framtidas Norge. Det er vokster i å få oppleva maidagen 1945, få juble og fryde oss over det som er vunne, gle oss over det vakre landet vi har. Lat oss samle oss i dette at vi sår med kjærlighetens såkorn og gi den vokstevilkår, så vil Gud signe den gode sæd til groren ein gong er mogen. No er det i Noreg atter dag.
Fram då frendar…


Så samler vi oss i eit inderleg ønske om at Gud vil signe Norge.
Og så eit 3 ganger 3 hurra!


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |