|
|
|
Haren
og reven9. klasse har jobba med sjangeren fabel. Her
kan du lese ein av tekstane som Sabine har skrive.
Det var ein gong ein raudrev som skulle ut på jakt for å fø dei små
kvalpane sine. Da møtte ho på ein hare som ho kjende.
--Hei, sa haren, kvifor driv du og luskar rundt her no?
--Eg er på jakt, sa reven litt bryskt.
--Jaha, men da kan du vel vere så grei å ikkje ta barna mine, sa haren.
--Men korleis skal eg vite at det er dine barn? spurde reven.
--Det er enkelt, svara haren. Berre la dei finaste hareungane leike
fredeleg aleine, så kan du ta nokre av dei stygge hareungane i staden.
Det var da enkelt tenkte reven, så da gjekk reven vidare inn i skogen på
jakt.
Neste dag var haren heilt ute av seg, ho gret og gret. Reven kom å
spurde kva som var hendt.
--Det burde du da vite! Du tok ungane mine, sjøl om du lova at du
skulle la dei vere, sa haren gråtkvalt.
--Det kan da ikkje stemme, sa reven, eg tok dei styggaste hareungane eg
såg!
"Alle synest best om sine eigne."
|